Tekst/foto: Gro Nygard Riise
8 år gammal gut som blei innlagt med magesmerter og mistenkt inntak av magneter. Mor fortel at det debuterte med magesmerter og oppkast på kvelden, og det kom etterkvart fram at pasienten aved eit uhell hadde svelgt fleire små magneter. Usikkert kor mange timar det var mellom inntak og debut av magesmerter.
Rtg ved innkomst viste 8 små kuleformede magneter i epigastriet og pasienten blei tatt rett til gastroskopi. Rett ved cardia såg ein små magneter. Magnetkulene hang fast i cardia over ein slimhinnefold. 3 magneter på eine sida og 5 på andre sida av slimhinnefolden. Ein forsøkte fyrst å få nett omkring dette, men vanskelig posisjon med retroflektert skop og relativt sterke magneter som ein ikkje klarte å dele frå kvarandre. Ein fekk etterkvart splitta opp magnetene og løsnet dei frå folden slik at dei la seg i corpus. Forsøker så å få nett over, men rekka av magneter var for langstrakt og fekk ikkje nettet omkring. Ved hjelp av biopsitang fekk ein så kobla magnetene sammen til ein ring, og klarte då å plassere dei i nettet og tatt ukomplisert ut.
Pasienten blei skrevet ut i velbefinnande dagen etter.