Nasjonalt IBD symposium

Tekst: Gro Nygard Riise

Årets IBD symposium gjekk av stabelen på Oslo Kongress senter 14/9-15 der programkomiteen hadde sett i saman eit spennade program med fokus på pediatrisk IBD og håndtering av IBD i svangerskap.

Det var vel 90 deltakere frå heile landet som blei ønskt velkommen av Dr Petr Ricanek.

Første foreleser var professor Janneke van der Woude frå ­Erasmus MC i Rotterdam. Prof Woude er ein av Europas fremste eksperter i behandling av IBD under svangerskap, og holdt ei spennande og interessant forelsning med bakgrunn i professorens arbeid ved klinikken i Rotterdam. Gjennom forelesningen blei det ­problematisert omkring både diagnostikk og behandling av IBD under svangerskap. Publikum var noko vanskelig å få i tale i fyrste del av forelesningen, men ein fekk etterkvart ein meir inter­aktiv time og gode diskusjoner. Alt knytt saman via spennande ­kasuistikk med ung gravid pasient med alvorlig UC.

Neste foreleser ut var dr. Jon Rove, pediater ved Ahus som tok oss oversiktelig og fint gjennom klassifisering og symptombyrde hos pediatriske pasienter. Eit stort tema, og krevande å få komprimert før fyrste kaffipause, men dr. Rove gav ein god oversikt over dei viktigaste momenta. Poengterte at 20-25 % av IBD pasienter har debutalder før 18 år, så ein stor del av pasientane må gjennom overgangen frå  barn- til voksenmedisin. Ein overgang som mange ungdommer kvir seg for. Det blei gjennomgått transisjonsprogram om korleis overgangen til voksen medisin blir gjort ved Ahus, med inspirasjon frå endokrinologien og overføring av diabetespasienter. Der fokus ligg på gradvis overgang, og ungdom som i aukande grad må ta ansvar for eigen helse

Deretter fekk me eit engasjert foredrag ved dr. Gøri Perminow frå OUS som knytte foredraget fint sammen med 5 pasient­kasuistikker, alle med alvorlig affeksjon av IBD. Dr. Perminow poengterte for salen  at tidsaspektet har ekstra stor betydning i pediatrisk IBD. Alvorlig IBD kan gi redusert vekst og utsatt pubertet, og det er viktig å kome i gang med rett og tilstrekkelig behandling i tide. Tap av tid før effektiv behandling kan få store konsekvenser for kvart enkelt barn og ungdom. Ved diagnosetidspunkt vil sårdybde, utbredelse og pasientens alder vere viktige prognostiske faktorer, og kunne gi tidlig peikepinn på behovet for aggressiviteten i behandlingen.

Dr. Olbjørn frå Ahus viste oss overbevisande tall for bruk av diett som induksjonsbehandling for Mb Crohn hos barn. EEN (­exclusive enteral nutrition) er gullstandard som induksjons­behandling ved Mb crohn, der ein brukar flytande diett i 8 veker. Compliance kan vere utfordrane i denne pasient gruppa også, og behandlingen krever mykje av pasienten, foreldre og behandler. Men med utsikt til bedring etter få dagar, og studier som viser bedre resultat enn steroider som induksjonsbehandling, klarer ein ofte å gjennom­føre. EEN blir i hovudsak brukt som 1. induksjons­behandling, men kan også forsøkast ved seinare forverringar, dog med noko meir usikkert resultat og ofte med endå større ­utfordring å motivere ­pasienten til gjennomføring. Dersom ­manglande effekt 2 veker etter oppstart blir behandlingen avsluttet. Dr. Olbjørn avslutta foredraget sitt med poengtering av effektivitet av behandlingen, og med oppmoding til voksenmedisin å i større grad å vurdere diett som behandlingsmulighet.

Etter lunsj blei infeksjonsrisiko og vaksiner ved immun­modulerande behandling gjennomgått av dr. Størdal, som hevda han var noko utanfor komforsona, utan at dette kunne merkast frå salen. Det blei presentert ein utfyllande og god oversikt over ­vaksiner og spesielle hensyn til vaksinasjon ved IBD behandling. Han poengterte at aktiv IBD i seg sjølv gir svekka immunforsvar, ofte i større grad enn enkelte medisin. Men at summen av sjukdom, i lag med gjerne kombinasjonsbehandling gir ein signifikant auka risiko for sjukdom. Det var og litt tid til reklame for ein App som kan installerast via pediatriveilederen, der ein kan lett finn oversikt over barne­vaksinasjons-programmet og informasjon om kvar enkelt vaksine.

Deretter fekk me flott gjennomgang av to kasuistikker ved dr. Løvlund frå SØ og dr. Andersen ved Tønsberg. Der publikum blei minna på viktigheten av ny gjennomgang av diagnostikk dersom kart ikkje stemmer heilt med terrenget. Dr. Andersen illustrerte fint med sin kasuistikk kva utfordringar som ligg i behandling av komplisert sjukdom hos unge pasienter. Han understreka viktig­heten av god kontakt og allianse både med pasient og pårørande for å oppnå gode resultat.

Dr. Lerang holdt eit spennande foredrag om «IBD-imitatorer», med oversiktelig gjennomgang av nokre differensialdiagnoser ved IBD. Med poeng til salen at CTitis ikkje alltid er IBD. Anamnese, alder og komorbiditet er svært viktige aspekt når ein skal vurdere IBD. Både infeksiøse kolitter og ischemiske colitter kan likne på IBD, og viktig med grundig anamnese og heilheitelig vurdering av pasienten før ein evt konkluderer med IBD.

Siste bolk i denne innholdsrike dagen var forbeholdt ­kirurgiske problemstillinger og gastrokirurgene Skari og Stensrud frå OUS Ullevål gjekk igjennom IBD kirurg hos barn og unge ­voksne. Før Dr Karliczek frå HUS gjennomgikk IBD og fødsels­komplikasjoner.

Takk til programkomiteen ved Petr Ricanek, Christine Olbjørn, Hilde Løland von Volkman og Tore Grimstad for arbeidet med å sette sammen eit lærerikt og innholdsrikt program.

Fra venstre Petr Ricanek, Tore Grimstad, Ann Elisabet Østvik, Christine Olbjørn, Hilde Løland von Volkmann, Erik Skogstad og Kristin Kaasen Jørgensen.

NGF
Opphavsrett: ©Norsk gastroenterologisk forening
Ansvarlig redaktør: Stephan Brackmann
Webmaster og design: www.cox.no
Følg oss på: Twitter og Facebook