«Tarmregulering»….

Tekst/bilde: Gro Nygard Riise

Alle prosedyrer har som kjent ein viss komplikasjonsfare, og heller ikkje tannlegebesøk går alltid som planlagt. Vi fekk henvist ein eldre herremann som 3 veker før hadde vært hos tannlegen for å få stabilisert tennene sine med ny tannregulering.

«Tarmregulering»1

«Tarmregulering»1

Under arbeidet mista tannlegen strengen. Vår uheldige herremann mistolka strengen som litt spytt, og ned forsvant strengen.

Deretter bar det til lokalsjukehus der ein såg igjen ein fin 2 cm lang halvmåneforma streng i ventrikkelen. Det blei så fulgt med jevnlig oversiktsrøntgen der ein så strengen passere nedover tarmsystemet før den la seg fint til rette i bekkenregionen. Gjentatte røntgen neste 2 veker viste at strengen ikkje flytta på seg.

På grunn perforasjonsfaren blei pasienten henvist vidare til sigmoideoskopi. Etter sigmoideums første sving, ca 25 cm inn i tarmen, gjenfinn ein den tynne stålstrengen kilt innimellom to divertikler. Med først litt forsiktig lirking og deretter litt meir bestemt trekk fekk ein tatt med seg stålstrengen ut.

Så 3 veker etter tannlegebesøket var mannen fri for “tarmregulering”, og klar for nye økter hos tannlegen.

«Tarmregulering»2

«Tarmregulering»2

NGF
Opphavsrett: ©Norsk gastroenterologisk forening
Ansvarlig redaktør: Stephan Brackmann
Webmaster og design: www.cox.no
Følg oss på: Twitter og Facebook